Om oss

Lauareid Service AS vart stifta i 2010 av dagleg leiar Bjarte Lauareid. Me driv med sal, montering og service av varmepumper. Til store glede for våre kundar. Me nyttar stort sett namnet «Lauareid» i vår omtale og marknadsføring.

Me har kontor, lager og verkstad i Skånevik, og ei avdeling i Haukelitunet på Edland.

Dette skal kjenneteikna oss:

  1. Me skal setja oss godt inn i den enkelte kunde sitt behov og anbefala varmepumpeløysing deretter
  2. Me skal vera til å stola på i alt me seier og gjer
  3. Me skal montera alt optimalt og i «Lauareid kvalitet»
  4. Me skal vera like imøtekommande og løysningsorienterte når det gjeld evt. reklamasjonar
  5. Me er solide nok til å vera der over lengre tid
  6. Vår kunnskap, kundepleie og verdsleiande produkt skal gjera at me får fornøgde kundar

Lauareid veit at våre kundar er våre viktigaste ambassadørar, og skal oppføra oss og levera deretter.

Me er sertifisert i samsvar til dei nye F-gass krava for varmepumpemontering som tredde i kraft i 2013.

Me er autorisert forhandlar av Mitsubishi, Panasonic og Toshiba varmepumper.

Me tek primært oppdrag i Sunnhordland, Nord-Rogaland og Vest-Telemark.

Lauareid Service AS - varmepumper - gaselle 2015 logo